Klargjør siden...

Sabotasje på Sørlandsbanen meldt til politiet

(NPK-NTB): Jernbaneverket har politimeldt ei hending frå mai då uvedkommande la betongblokker og steinar på skjenene på Sørlandsbanen.

– Jernbaneverket ser svært alvorleg på slike hendingar, då det under uheldige omstende kunne fått tragisk utfall, skriv banesjef Harald Roland i eit dokument NRK har fått tilgang til.

Det var i pinsehelga at Jernbaneverket fekk melding om saka frå ein lokførar som hadde køyrt over fleire gjenstandar på skjenene ved Mosby planovergang like utanfor Kristiansand.

– På skjenegangen låg det betongblokker, steinar og skinneklemmer av stål. I tillegg var eit innkoplingsfelt knust, slik at bommane vart liggjande nede, seier tilstandskontrollør Michael Jørgensborg i Jernbaneverket.

Ifølgje han var ikkje steinane store nok til at eit tog kunne ha spora av.

– Det kunne uansett ha gitt store skadar på lokomotivet, og steinsprang frå noko slikt ville ha vore farleg for folk, seier Jørgensborg.

I samband med hendinga fekk Jernbaneverket materiellkostnader berekna til 120.000 kroner, i tillegg til personalkostnadar. Jernbaneverket varslar erstatningskrav mot dei som står bak. (©NPK)

Annonse