Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Sander Sagosen herja for Kolstad i meisterligakampen mot den tidlegare klubben sin Kiel og førte laget til ein knallsterk 34-30-siger.
Publisert: 19.10.2023 kl 20:18
Sagosen vann meisterligaen med Kiel i 2020. Den tyske storklubben vann dei fire første kampane sine i årets gruppespel og toppa tabellen, men Sagosen og Kolstad viste at dei vil vere med.
Sigvaldi Gudjonsson var toppskårar med ti mål, medan Sagosen skåra med dei åtte første avslutningsforsøka sine. Kiel leidde ikkje ein einaste gong, og Kolstad tok sin tredje siger på fem meisterligakampar.
Kolstad tok kommandoen frå start. Etter å ha skåra dei tre første leiarmåla i kampen drog laget frå til 6-3. Leiinga var oppe i fire mål på 8-4 og fem på 11-6. Frå 13-8 skåra Kiel fire gonger på rad og hadde kontakt, men gjestene kom aldri à jour igjen før pause.
Gjestene heldt seg eitt mål bak heilt fram til 17-16, men Sagosen skåra dei to siste måla av omgangen, og Kolstad gjekk til pause med 19-16 på tavla.
Særleg fint var målet som gav 11-6-leiinga. Sagosen sende ein pasning til venstrekant Adrian Aalberg, som finta innhopp og i staden leverte ein veggpasning til Sagosen, som med ein «flygar» kunne dytte ballen i tomt mål bak ei grunnlurt målvakt.
«Sagosen Airlines» melde EHF over klipp av skåringa på X.
Kolstad kom godt ut også i den andre omgangen og var oppe i fire måls leiing seinast på 24-20. På 24-23 gjorde Sagosen ein teknisk feil og pådrog seg to minutt utvising, og Kiel nytta høvet til å utlikne for første gong sidan 3-3.
Kolstad lét seg ikkje skake og skåra tre strake mål ved Martin Hernes Hovde, Sigvaldi Gudjonsson og Magnus Abelvik Rød. Tekniske feil av Kiel tydde på at det var favoritten som sleit med å takle koket i hallen.
Ein ny teknisk feil av Sagosen gav Niclas Ekberg sjansen til å redusere til 27-28 med sitt niande mål i kampen, men Sagosen slo rett tilbake og sette inn 29-27 med sitt åttande mål på like mange avslutningar.
Sidan var det ikkje tvil. Kolstad var oppe i seks måls leiing i sluttminutta. Eitt minutt før slutt hadde Sagosen sin første skotmiss, men det spelte inga rolle.
(©NPK)
Sander Sagosen møtte gamleklubben Kiel i meisterligakamp for Kolstad. Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.