Annonse

Sagosen testa positivt for korona

Handballstjerna Sander Sagosen (26) har testa positivt for korona, opplyser manageren hans Kevin Skabo til Adresseavisen.

– Han vart dårleg i helga og var dårleg i to dagar. Men no kjenner han seg bra, seier Skabo til avisa og legg til at Sagosen har kjent på ei influensakjensle.

Sagosen var ikkje med då hans Kiel spelte uavgjort mot Lemgo søndag. Han speler heller ikkje mot Pick Szeged i Meisterligaen onsdag.

Også lagkameraten Steffen Weinhold er smitta, og dei er begge isolerte frå Kiel-troppen.

– Trenar Filip Jicha må klare seg utan Steffen Weinhold og Sander Sagosen. Ingen av dei kan brukast etter å ha fått ein infeksjon trass at dei er vaksinerte, opplyser Kiel.

Både Kent Robin Tønnesen og Alexander Blonz speler for Pick Szeged. I Kiel er Sagosen lagkamerat med Harald Reinkind.

Sagosen vart tysdag teken ut til dei kommande landskampane i Trondheim og vil truleg vere aktuell når firenasjonersturneringen blir spelt 4., 6. og 7. november. Der skal Noreg møte Danmark, Nederland og Frankrike.

(©NPK)

Sander Sagosen har testa positivt for korona.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB