Annonse

Sakna mann funnen død etter leiteaksjon i Rauma i Møre og Romsdal

Ein eldre mann som var sakna i Rauma i Møre og Romsdal, vart natt til tysdag funnen død under ein leiteaksjon, opplyser politiet. Pårørande er varsla.

– Det har vorte gjort funn av sakna. Han er stadfesta omkommen, opplyser Møre og Romsdal politidistrikt på X.

Mannen vart funnen klokka 1.53 ved hjelp av ein politidrone, seier operasjonsleiar Jens Dahl til NTB.

Det er ingen mistanke om at det har skjedd noko straffbart.

Mannen vart først meld sakna av familiemedlemmer klokka 21.50. Då hadde dei sjølv leita etter mannen, utan hell.

– Han hadde gått tur i eit kjent område han er vand til å gå i, men han hadde ikkje komme heim. Då varsla familien politiet, sa Dahl til NTB like før midnatt.

Dahl opplyste vidare at mannen var i slutten av 70-åra.