Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Salet av solkrem med høg solfaktor har auka med 150 prosent sidan 2010. Seks av ti solkremar som blir selt i apoteket har faktor 30 eller høgare, melder Apotekarforeininga.
npk@npk.no
Publisert: 25.07.2016 kl 14:50
Salet av dei mest beskyttande solkremane har hatt ein kraftig auke frå 35 prosent i 2010 til 60 prosent per i dag, viser salsstatistikk frå Apotekarforeininga.
Salet av solkrem med lågare faktor er redusert med nesten 20 prosent sidan 2010.
Tala viser også at det generelt blir selt meir solkrem i apotek enn for seks år sidan.
– Både apoteka, Kreftforeningen og styresmaktene har prata mykje om kor viktig det er å beskytte seg i sola. Det ser ut til at bodskapen har gått heim hos solhungrige nordmenn, seier kommunikasjonssjef Jostein Soldal i Apotekarforeininga.
Soldal minner om at solkrem ikkje alltid er nok for å beskytte seg mot sterk sol. Det er viktig å ta pausar frå sola også. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.