Salssvikt for hyttebyggjarane

Salet av nye hytter har falle med 55 prosent på landsbasis sidan i fjor, medan igangsetjinga av nye hytter har falle med rundt 60 prosent.

Samtidig er omsetninga av brukte hytter så langt i år 20 prosent lågare enn i same periode i fjor.

– Ordrebøkene blir tømde frykteleg fort no, seier senioranalytikar Bjørn-Erik Øye ved Prognosesenteret til Dagens Næringsliv.

Han seier at rundt fem prosent av hushalda planlegg å kjøpe hytte. Under pandemien var denne andelen oppe i ni prosent.

I tillegg er renter og prisvekst viktige årsaker til fallet. Øye trur også uvisse rundt eigedoms- og formuesskatt, og kommunale avgifter i hyttestrøk speler inn.

– Akkurat no er utsiktene for hytteprodusentane veldig dårlege, seier han.

– Før pandemien vart det sett i gang bygging av omkring 5000 hytter i året, før det toppa ut på rundt 7500 i 2021. No ligg det an til 4500 i år, og vi har prognosar som seier det skal ned til 3000 til 3500 i 2023 og 2024.

– Så lågt kan eg ikkje hugse det har vore – kanskje berre under finanskrisa, seier Øye.

(©NPK)

Færre enn før drøymer om eiga hytte. Her frå eit hyttefelt på Tempelseter i Eggedal i Sigdal kommune. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK