Klargjør siden...

Minst 49 armenske soldatar drepne i samanstøytar med Aserbajdsjan

Minst 49 armenske soldatar vart drepne i samanstøytar mellom Armenia og Aserbajdsjan natt til tysdag. Same morgon forhandla Russland fram ei våpenkvile.

Dei to landa skuldar kvarandre for angrep, og innhentar støtte frå kvar sin kant.

– Ved midnatt sette Aserbajdsjan i gang intensive bombardement med artilleri og skytevåpen med høg kaliber mot armenske militærstillingar i retning byane Goris, Sotk og Jermuk, melde Armenias forsvarsdepartement i ei fråsegn.

Dei hevdar at aserbajdsjanske styrkar prøvde å rykke fram inn på armensk territorium, og at dei også brukte dronar.

Samtidig skuldar Aserbajdsjans forsvarsdepartement Armenia for «storskala undergravande handlingar» nær distrikta Dashkesan, Kelbajar og Lacin på grensa, og legg til at stillingane deira vart skotne mot av artilleri.

Armenias statsminister Nikol Pasjinian opplyser at minst 49 soldatar vart drepne på armensk side, og Aserbajdsjans forsvarsdepartement seier at det er falne blant soldatane deira, men utan å oppgi noko tal.

Russland opplyser at dei tysdag morgon forhandla fram ei våpenkvile. Dei seier dei er djupt bekymra for situasjonen, og ber begge partar trappe ned konflikten.

Hentar støtte på kvar sin kant

Pasjinian har ringt både til Frankrikes president Emmanuel Macron, Russlands president Vladimir Putin og USAs utanriksminister Antony Blinken for å informere om Aserbajdsjans «aggressive handlingar mot Armenias suverene territorium» og be om internasjonal fordømming.

Situasjonen var tysdag morgon tema også i ein telefonsamtale mellom Russlands forsvarsminister Sergej Sjojgu og Armenias forsvarsminister Suren Papikjan, der dei vart samde om felles tiltak for å stabilisere grensa mot Aserbajdsjan.

Samtidig har Aserbajdsjans utanriksminister Jeyhun Bayramov snakka med Tyrkias utanriksminister Mevlüt Çavusoglu på telefon, og Çavusoglu bad etterpå Armenia «stanse provokasjonane» og konsentrere seg om fredsforhandlingar og samarbeid med Aserbajdsjan.

Iran og USA bekymra

Blinken seier han er djupt bekymra for situasjonen som no går føre seg på grensa, inkludert meldingar om angrep mot tettgrend og sivil infrastruktur.

– Som vi lenge har sagt, finst det inga militær løysing på konflikten. Vi ber innstendig om ein uvilkårleg slutt på dei fiendtlege militærhandlingane, seier han i ei fråsegn.

Også Iran, som har lange grenser til begge landa, oppmodar dei til å trappe ned.

– Iran ber om atterhald og ei fredeleg løysing på konfliktane mellom dei to landa, og uttrykkjer uro for den auka spenninga, seier Nasser Kanani i det iranske utanriksdepartementet.

Hyppige samanstøytar

Sidan slutten av den siste krigen om den omstridde Nagorno-Karabakh-regionen i 2020 har det komme hyppige meldingar om skotveksling langs grensa mellom dei to landa.

Så seint som førre veke skulda Armenia Aserbajdsjan for å ha drepe ein armensk soldat i ei skotveksling, og i august var det Aserbajdsjan som sa dei mista ein soldat, medan Nagorno-Karabakhs eigne styrkar sa at to av soldatane deira var drepne og eit tital såra.

Armenia og Aserbajdsjan har utkjempa to krigar – på 90-talet og hausten 2020, om den omstridde armenskfolkesette enklaven som ligg inne i Aserbajdsjan.

Minst 6.500 menneske vart drepne i den siste, seks veker lange krigen som enda i ei våpenkvile som Russland mekla fram. Armenia måtte då gi frå seg delar av området dei hadde kontrollert i fleire tiår, og 2.000 russiske fredsbevarande soldatar vart utplasserte.

Lova samtalar

I EU-sponsa samtalar i Brussel i mai og juni vart president Ilham Alijev frå Aserbajdsjan og statsminister Pasjinian frå Armenia samde om å halde fram samtalar om ein framtidig fredsavtale.

Konflikten mellom dei muslimske aserbajdsjanarane og dei kristne armenarane har røtene sine langt tilbake i tid, men han blussa opp då Sovjetunionen braut saman i 1991 og armenske separatistar lausreiv Nagorno-Karabakh frå Aserbajdsjan, inkludert aserbajdsjanske område som gav tilgang til enklaven frå Armenia.

Over 30.000 menneske mista livet i krigen som følgde, og tusenvis av aserbajdsjanarar enda som flyktningar i Aserbajdsjan.

(©NPK)

Armenias statsminister Nikol Pasjinian møtte Russlands president Vladimir Putin i september. Foto: Valerij Sjarifulin / Sputnik / AP / NTB

Annonse