Klargjør siden...

Samferdselsministeren går etter terrorangrepet

(NPK-NTB-DPA): Belgias samferdselsminister Jacqueline Galant trekkjer seg etter at det kom fram at det vart påpeikt alvorlege feil i flyplastryggleiken allereie i 2015.

Galant leverte sin avskjedssøknad fredag morgon og den vart akseptert at statsminister Charles Michel, ifølge det belgiske nyheitsbyrået Belga.

Opposisjonspartiet Dei Grøne gjorde det kjent for to dagar sidan at ein rapport frå EU i 2015 påpeikte at belgiske flyplassar ikkje oppfylte nødvendige krav til tryggleik på fleire punkt, nokre av dei svært viktige.

Galant har sagt at ho ikkje kjende til EU-rapporten.

Den belgiske regjeringa har vore under sterkt press etter terrorangrepet 22. mars, der over 30 menneske mista livet i sjølvmordsangrep mot flyplassen og ein undergrunnsstasjon i Brussel. (©NPK)

Annonse