Samla inn kort og helsingar frå Oslo-skytinga

Kort, helsingar og gjenstandar som vart lagde ned utanfor utestadene Per på hjørnet og London pub, er samla inn og arkivert.

Tysdag morgon var fem medarbeidarar frå Arkivverket ute for å samle inn helsingar, kort og gjenstandar som er lagde ned på åstaden for Oslo-skytinga.

– Det er viktig og rett å bevare helsingar for å dokumentere tankar og reaksjonar for ettertida, seier riksarkivar Inga Bolstad i ei pressemelding.

Det innsamla materialet er gitt til Skeivt arkiv, som skal bevare det for ettertida.

– Vi kjenner enno ikkje intensjonen bak angrepet, vi er alle ramma og prega, men denne tragedien rammar det skeive miljøet spesielt hardt, seier Bolstad.

(©NPK)

Folk la ned blomstrar og pride-flagg etter masseskytinga i sentrum av Oslo, der to vart drepne og fleire skadde. Foto: Javad Parsa / NTB