Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Martin Samuelsen starta for West Ham i treningskampen mot Slováco tysdag. Nordmannen spilte éin omgang og bidrog med målgivande pasning i 2– 2-kampen.
npk@npk.no
Publisert: 19.07.2016 kl 20:09
Etter 37 minutt sett 19-åringen opp Mark Noble som banka ballen ned i høgre hjørne.
Ungguten var nære ved å sende West Ham i leiinga 17 minutt tidlegare, men han klarte ikkje å heade ballen på mål etter eit innlegg frå den nye spelaren Sofiane Feghouli.
Ungguten gjekk av til pause, men blei av West Hams livereporter på Twitter trekt fram som ein av dei som gjekk føre med eit godt eksempel i første omgang.
Med Samuelsen på benken heada innbytar Ashley Fletcher inn 2– 0 like etter pause. Men med åtte minutt igjen av kampen reduserte Eldar Civic for Slováco. Same mann utlikna til 2– 2 like før slutt etter at West Ham-forsvaret ikkje klarte å klarere eit innlegg.
Håvard Nordtveit blei sitjande på benken heile kampen. Engelskmennene møter russiske Rubin Kazan onsdag. (©NPK)