Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): – Dette er ei kraftfull og veksande næring, men enkel, det trur eg ikkje jobben som fiskeriminister blir, fastslo Frp-nestleiar Per Sandberg då han overtok nøkkelen til det nye kontoret sitt onsdag.
npk@npk.no
Publisert: 16.12.2015 kl 12:29
Ein smilande, humrande og tydeleg stolt Sandberg fekk høyre Elisabeth Aspaker (H) seie mykje pent om både fiskerinæringa ho sjølv har hatt ansvaret for, og dei høge forventningane ho har til han som følgjer etter henne. At dei to har mykje til felles var Sandberg heilt einig i.
– Vi har mykje meir til felles enn du vil avsløre no. Men du har gjort ein fantastisk god jobb. Eg bur på Senja og representerer Sør-Trøndelag. Eg er veldig glad i kysten, veldig glad i fiske. Eg har smugkika på den jobben du har gjort, sa Sandberg.
– Der vi bur så er det fleire tusen rådgjevarar kvar einaste dag på dette feltet. Derfor har eg registrert for ein fantastisk jobb du har gjort. Eg er heilt sikker på at 2015 blir eit nytt rekordår. Eg er sikker på at med kompetansen til alle desse dyktige medarbeidarane som du har hatt, og som eg vil få samarbeide med framover no, så vil vi sette oss som mål å slå nye rekordar, fastslo Sandberg.
– Denne næringa er så viktig og kraftfull og veksande, men at det er enkelt, det trur heller ikkje eg. Men skal eg først hoppe etter nokon så er eg heldig stilt. Eg er gammal skihopper og har hoppa ned mange skibakkar som ung. Eg skal gjere mitt beste no for å følgje opp det gode arbeidet du har gjort, sa Sandberg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.