Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Sandefjord Lufthavn AS treng ikkje å betale ei ekstra innflygingsavgift til Avinor, ifølgje ein dom frå Agder lagmannsrett.
npk@npk.no
Publisert: 20.06.2016 kl 18:07
Avinor har ikkje krav på vederlag frå den ikkje-statseigde flyplassen for innflygingskontrolltenestene. Dei siste åra har striden stått om ei ekstrarekning på 15 millionar kroner per år for flysikringstenestene. Avgifta kjem i tillegg til ei årleg tårnavgift på 35 millionar kroner som flyplassen på Torp betaler, fortel NRK.
– Vi er svært tilfredse med at retten også denne gongen har vore einige med oss i at vi ikkje har noka betalingsplikt da kravet verken har vore heimla i lov, forskrift eller avtale. Vi håper at Avinor og Samferdselsdepartementet no tar dette til etterretning og avsluttar saka, seier administrerande direktør Gisle Skansen i Sandefjord Lufthavn AS.
Avinor opplyser i ei pressemelding at dei har vore i dialog og forhandlingar med flyplassen sidan 2010, men at partane ikkje har klart å bli einige om betalinga for innflygingskontrollen.
– Vi tar dommen til orientering og kjem no til å vurdere om det er aktuelt å anke, seier administrerande direktør Anders Kirsebom i Avinor Flysikring. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.