Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Sandefjord Fotballs 2.-lag møtte ikkje til heimekamp i 3. divisjon. No kan klubben bli kasta ut av ligaen.
npk@npk.no
Publisert: 24.05.2016 kl 16:36
NFF Agder har avgjort å kaste Sandefjord ut av 3. divisjon avdeling 5 etter at klubben ikkje stilte lag i heimekampen mot Eiger.
Sandefjord har anka avgjerda til NFF sentralt.
– Vi prioriterte å sende juniorlaget til ein eliteturnering i Nederland, for femte året på rad. NFF oppmuntrar lag med ambisjonar om å sende unge spelarar til denne typen turneringar. Samstundes fekk me ei rekkje skadar og noko sjukdom i våre lag. Vi kunne dokumentere ni skadde eller sjuke spelarar like før Eiger-kampen, og i tillegg blei to til skadde etter at vi informerte NFF Agder og Eiger. Men dette blei det ikkje teke omsyn til, seier dagleg leiar i Sandefjord Fotball, Per Ketil Berg til Sandefjords Blad.
Ifølgje lokalavisa prøvde Sandefjord Fotball ved fleire høve å utsetje kampen, men fekk ikkje løyve til dette av NFF Agder. Dermed valde bortelaget å ta den litt over fem timar lange bussturen frå Egersund til Sandefjord for å spele kamp. Dei tre dommarane stod òg klare, men heimelaget dukka altså ikkje opp.
Regelverket til Norges Fotballforbund seier dette:
«Lag i 0.- 3. divisjon menn og 0. og 1. divisjon kvinner som uteblir frå seriespel utan gyldig grunn skal – med mindre særlige forhold tilsier noe annet – utelukkes frå framleis spel i inneverande sesong og alle lagets kampar annulleres».
Om Sandefjord 2 blir teke ut frå 3. divisjon kan det få store konsekvensar for dei nest beste spelarane til den opprykksjagande 1.-divisjonsklubben. Laget får ingen fleire kampar i 2016, og må starte opp i 4. divisjon frå neste sesong. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.