Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Sandnes er den mest attraktive byen i Noreg. Satsinga på barn og unge og eit vellykka byrom får skryt av juryen i Attraktiv by-prisen.
kirsten.offerdal@npk.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 20.05.2022 kl 14:53
Juryen meiner byrommet i Sandnes kan vere det mest vellykka dei har sett.
– Nye funksjonar samlokalisert i sentrum, kultursatsingar, nye bydelar i nedlagde hamneareal og Ruten – eit av Noregs beste nye byrom, viser at Sandnes lykkast med byutviklingsarbeidet sitt, seier Alexandria Algard, juryleiar for Attraktiv by-prisen.
Sandnes var finalist til prisen saman med Harstad og Bryne.
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) skal dele ut prisen.
(©NPK)