Sandnes ferdig som dagleg leiar i Vålerenga

(NPK-NTB): Morten Nydal blir ny dagleg leiar i Vålerenga Fotball på nyåret. Stig-Ove Sandnes går over i ei ny stilling i klubben.

På styremøtet fredag blei det klart at Morten Nydal blir tilsett som ny dagleg leiar i Vålerenga Fotball. Han startar i jobben «senest første februar», skriv klubben i ei pressemelding lagt ut på nettsidene til klubben.

Den noverande leiaren, Stig-Ove Sandnes, går frå 1. februar over til å bli administrerande direktør for stadionselskapet i ei 50 prosent stilling. Denne skal i 2016 bli til full stilling, heiter det i pressemeldinga.

Vålerenga startar jobben med å få på plass eit nytt stadionanlegg på Valle Hovin 4. januar. Stadionet skal stå klart i august 2017.

– Eg går laus på arbeidet med den aller største audmjukskap. Vi står framfor den siste heile sesongen vår på Ullevaal, og tida med eigen stadion nærmar seg med stormsteg. Vi har mykje arbeid å gjera for å fylla tribunane og få endå fleire samarbeidspartnarar på plass, og på banen skal vi ta eit steg nærmare toppen, seier Nydal.

Nydal kjem frå stillinga som dagleg leiar på Meny Carl Berner. Han har også vore styremedlem i klubben, styremedlem i Klanen (supporterklubben) og vore utegåande reporter på indre bane på kampane til Vålerenga dei siste åra. (©NPK)

Annonse