Sanner byter statssekretær

(NPK-NTB): Grete Ellingsen (H) er utnemnt til statssekretær for kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

39 år gamle Ellingsen var fram til valet i haust ordførar i Sortland i Vesterålen.

Ho tek over for Jardar Jensen, som i statsråd fredag vart gitt avskjed i nåde.

Dei andre statssekretærane i departementet er Paul Chaffey (H), Per-Willy Trudvang Amundsen (Frp), Kristin Holm Jensen (H) og Anne Karin Olli (H). (©NPK)

Annonse