Sanner må forklare mørketal om matjord

(NPK-NTB): Kommunane byggjer ned matjord i større omfang enn offisielle tal viser. No må kommunalminister Jan Tore Sanner (H) svare Stortinget.

Etter initiativ frå Miljøpartiet Dei Grøne har kontroll- og konstitusjonskomiteen bestemt seg for å sende brev til Sanner om saka.

– Dette handlar om at regjeringa skal følgje opp Stortingets tydelege politikk på at matjorda skal vernast. Det er urovekkjande at vi har eit system som fører til nedbygging av matjord utan at Stortinget har fått vite konsekvensane og omfanget av det, seier Dei Grønnes Une Aina Bastholm til NTB.

Nationen avslørte nyleg at nedbygginga av matjord er betydeleg større enn innrapporteringa frå kommunane tilseier. Årsaka er blant anna at berre utbyggingar på reguleringsplannivå blir rapportert inn i statistikken.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at kommunane i 2015 rapporterte inn ei omdisponering som var 1.056 mål større enn ho var året før, trass i at Stortinget har vedtatt at jordvernet skal skjerpast. (©NPK)

Annonse