Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Kommunar kan likevel få utvida frist for frivillig kommunesamanslåing, ifølgje kommunalminister Jan Tore Sanner (H).
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 07:18
Fristen for frivillig samanslåing går ut 1. juli, og kommunar som ikkje slår seg saman får ikkje del i økonomiske fordeler. Statsråden seier til Dagens Næringsliv at kommunar som treng meir tid på å komme fram til ei frivillig løysing kan få det av fylkesmannen.
– Eg vil ikkje kalle det «utsetting». Men i samråd med fylkesmannen finst det moglegheit for ei endring for når kommunen endeleg må melde inn si avgjerd, seier han.
Han viser til Re kommune i Vestfold, som har fått utsetting.
– Det er fordi dei har starta ei forhandling om ei ny løysing, forklarar Sanner.
21. februar møtte ordføraren i Re kommune, Thorvald Hillestad (Sp), og rådmannen og fylkesmann Erling Lae kommunalministeren i Oslo. Der fekk kommunen utsett fristen for frivillig løysing til 1. oktober.
– Sanner stilte to krav. Vi måtte synleggjere kven som var kandidatane, og vi måtte få eit svar på om dei var interesserte i oss, opplyser Hillestad.
Men ordførarane må ikkje troppe opp på kontoret til Sanner for å få unntak.
– Eg kan ikkje seie ja og nei i enkeltsaker, men eg sa til Lae at han kunne finne ei løysing. Poenget er at fylkesmannen har frist til 1. oktober, så fylkesmannen kan bidra til ei løysing. I heilt spesielle situasjonar er det «common sense» å gjere dette, seier Sanner. (©NPK)