Klargjør siden...

Santos tar Ronaldo i forsvar

(NPK-NTB-DPA): Portugals landslagssjef Fernando Santos forsvarte onsdag superstjerna Cristiano Ronaldo, som har fått gjennomgå for dei smålege utsegnene han kom med etter 1– 1-kampen mot Island tysdag.

– Slike ytringar som kjem umiddelbart etter ein kamp, bør ein aldri leggje for mykje vekt på. Da koker det framleis for spelarane, og likevel må dei uttale seg, sa Santos.

Ronaldo burde nok ha tenkt seg om før han uttalte seg i skuffelsen over sine eigne brente sjansar og to tapte poeng.

– Islendingane feira som om dei hadde vorte europameistrar. Eg synest det er utruleg. I mine auge viser det ein svak mentalitet som gjer at dei aldri kjem til å oppnå noko, sa Ronaldo, som òg slakta islendingane for å «parkere bussen».

– Dei prøvde ingenting, berre forsvar, forsvar, forsvar, påstod han.

Utsegnene førte til storm mot Ronaldo på sosiale medium. Han vart slakta som ein dårleg tapar og spotta fordi han ikkje evna å setje seg inn i den gleda islendingane kjente over å ha tatt poeng mot Portugal i den første sluttspelkampen i historia for det vesle landet.

Santos minte onsdag om at den islandske landslagssjefen, Lars Lagerbäck, før EM kritiserte Ronaldo for filming og kalla han ein «veldig god skodespelar».

– Eg har stor respekt for Lagerbäck, men før kampen var det islendingane som ikkje viste fair play, sa den portugisiske landslagssjefen onsdag. (©NPK)

Annonse