Annonse

Sara Hørte ferdig i Rosenborg – klar for serieleiar Vålerenga

Midtstoppar Sara Hørte (23) signerer for Vålerenga når kontrakten med Rosenborg går ut i slutten av juli.

Vålerenga stadfestar overgangen i ei pressemelding måndag. Ho har signert ein toårskontrakt med serieleiaren.

– Det var eit veldig vanskeleg val, for eg har hatt det veldig bra i Rosenborg. Samtidig så trur eg at eg kan utvikle meg endå meir i Vålerenga. Eg synest framtida til Vålerenga er veldig spennande, både med spelarane og støtteapparatet, seier Hørte.

Hørtes første kamp i Vålerenga-drakta kan bli mot nettopp Rosenborg 10. august. Toppserien har spelepause fram til då. Vålerenga er åtte poeng føre Rosenborg på tabellen, men har éin kamp meir spelt enn trønderane. Vålerenga jaktar sin annan strake seriemeisterskap.

Hørte har dei to siste åra spelt for Rosenborg etter overgangen frå Kolbotn. Vålerengas sportssjef Steinar Pedersen seier at Vålerenga lenge har ønskt seg spelaren.

– For det første er vi veldig fornøgde med å ha signert Sara, ein spelar som vi har ønskt oss lenge. Vi var interesserte i Sara då ho drog til Rosenborg sommaren 2022, og no opna moglegheita seg, seier han.

Hørte står med fem landskampar der den hittil siste kom under VM i fjor sommar.

(©NPK)

Sara Hørte har signert for Vålerenga. Ho kjem gratis frå Rosenborg når kontrakten går ut 31. juli.
Foto: Vålerenga Fotball / NTB

Annonse