Annonse

SAS har tapt 1,5 milliardar på to månader

SAS held fram med å tape pengar. I november og desember tapte flyselskapet 1,5 milliardar svenske kroner.

Det kjem fram i ei børsmelding torsdag. Tapet var på ein halv milliard i november og på 1 milliard i desember.

Kontantbehaldninga er redusert frå 7,2 til 5,1 milliardar svenske kroner, skriv Dagens Næringsliv.

(©NPK)

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK