SAS innstiller flyging til Egypt

(NPK-NTB): SAS innstiller flyginga til Sharm-el-Sheik i Egypt laurdag, opplyser selskapet.

SAS har berre éin avgang i veka mellom Skandinavia og Sharm el-Sheikh, og det er dermed flyginga kommande laurdag som vert innstilt.

– Det er med bakgrunn i utviklinga dei siste dagane og tryggingssituasjonen. Vi skal gjere ei ny vurdering i neste veke, seier SAS' pressesjef Henrik Edström til nyheitsbyrået TT.

Innstillinga laurdag er ein ordinær ruteavgang frå København, men ho rammar også charterturistar som nyttar det danske selskapet Atlantis Rejser. (©NPK)

Annonse