Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Streiken til SAS-flygarane er avblåst, fortel Sveriges Radio.
npk@npk.no
Publisert: 14.06.2016 kl 15:56
Sist oppdatert: 14.06.2016 kl 17:25
Svensk Pilotförening og SAS hadde fått eit nytt forslag til løysing som dei skulle ta stilling til innan klokka 17 i dag, fortel nyheitsbyrået TT.
Eit kvarter seinare fortalde Sveriges Radio at streiken er over.
SAS-flygarar i Sverige har sidan fredag streika med krav om høgare løn og betre arbeidsvilkår.
Tusenvis av passasjerar er ramma, men streiken omfattar ikkje fly med norske og danske flygarar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.