SAS-streiken rammar 18 flygingar til og frå Noreg

(NPK-NTB): Streiken blant svenske pilotar i SAS rammar 18 flygingar til og frå Noreg måndag. Flyselskapet jobbar for å finne andre løysingar for dei norske passasjerane sine.

– Totalt er 2.350 passasjerar påverka av innstillingane. Dei som er berørt skal ha fått ein SMS om dette, og det vil liggje oppdatert informasjon på SAS.no under «flight status», seier pressekontakt Cathrine Sandegren i SAS til NTB.

Alle dei berørte flygingane går mellom Arlanda i Stockholm og Oslo lufthamn. Totalt fører pilotstreiken i SAS til 230 innstilte avgangar til, frå og innanlands i Sverige.

Tolv flygingar går med norsk personell og blir gjennomført som planlagt måndag. Pressekontakten til selskapet i Noreg, Knut Morten Johansen, poengterer at det blir jobba intensivt med å finne løysingar for passasjerar som skulle reist med fly som er berørt av streiken.

– Vi klarar som oftast å finne løysingar. Konflikten påverkar derfor berre i liten grad våre norske reisande, såframt dei ikkje skal fly i Sverige og ut av Sverige. Dei interkontinentale flygingane til og frå Sverige går dessutan som planlagt, seier Johansen til NTB.

Og desperate svenskar som vil til Frankrike og sjå landslaget spele under europameisterskapet i fotball, blir i stor grad frakta til Norge med fly som har norsk personell og flogne vidare herifrå til Frankrike, opplyser Johansen. (©NPK)

Annonse