Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Den saudiarabiske utanriksministeren Adel al-Jubeir meiner den syriske presidenten Bashar al-Assad må fjernast frå makta fordi han fungerer som flugepapir for framandkrigarar som vervar seg til Den islamske staten (IS).
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 15:54
Sist oppdatert: 22.10.2015 kl 16:04
Argumentasjonen til Jubeir er at Assad fungerer som ein magnet «som trekkjer til seg framandkrigarar frå heile verda til å kjempe for Daesh mot Assads regime». Daesh er ei arabisk nemning på IS.
Uttalene kom etter at Jubeir hadde hatt samtalar med den austerrikske utanriksministeren i Wien torsdag.
– Vi diskuterte situasjonen i Syria og korleis vi kan finne fram til ei fredeleg løysing på konflikten som garanterer framtida til Syria, og som leier veg gjennom ein overgangsperiode utan Bashar al-Assad, seier Jubeir.
Jubeir seier også at den russiske innblandinga i krigen i Syria er «svært farleg».
Russland støttar Assad-regimet med krigsfly og våpen. Den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov seier russiske styresmakter ikkje ser noko poeng i å støtte Syria utan at Iran også bidreg. Han tek ifølgje russiske nyheitsbyrå til orde for at Iran, Egypt, Jordan, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata deltek i samtalar for å løyse Syria-krisa. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.