Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Atlético Madrid har selt namnerettane til sin eigen arena til eit statseigd flyselskap i Saudi-Arabia. Avtalen gjeld fram til 2033.
Publisert: 09.10.2024 kl 14:34
Framover skal Atléticos stadion gå under namnet Riyadh Air Metropolitano. Det er ikkje kjent kor mykje Alexander Sørloths klubb tener på det, men spanjolane omtaler sponsoravtalen som den viktigaste dei nokon gong har hatt.
Riyadh Air har pryda Atléticos drakter sidan i fjor sommar. Den avtalar strekkjer seg til 2027 og skal ha ein årleg verdi på 40 millionar euro (470 millionar kroner).
Det saudiarabiske flyselskapet vart etablert etter ei kunngjering av kronprinsen i landet Mohammed bin Salman i mars 2023, men endå har det ikkje hatt kommersielle flygingar.
Saudi-Arabia har dei siste åra satsa tungt på sport og skaffa seg innverknad i mange idrettsgreiner. Blant desse er golf og fotball.
Det oljerike landet ligg i desember an til å bli tildelt fotball-VM for menn i 2034.
Saudi-Arabia har over lang tid vore kritisert for brot på menneskerettane og vert skulda for å drive med sportsvasking.
(©NPK)
Alexander Sørloth (t.v.) i aksjon for Atlético Madrid. Trønderens klubb har hatt Riyadh Air som draktsponsor sidan i fjor sommar, men no har flyselskapet også kjøpt seg rettane til å pryde stadionet. Foto: Bernat Armangue / AP / NTB
Atlético Madrid har seld namnerettane til sin eigen stadion til eit statseigd flyselskap frå Saudi-Arabia. Foto: Andrea Comas / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.