Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Styret i Schibsted Trykk AS innstiller på å leggje ned trykkjeriet på Forus utanfor Stavanger i haust. Det betyr 38 tapte arbeidsplassar i oljehovudstaden.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 16:32
Ei endeleg avgjerd tek Schibsted Norge på eit styremøte i sommar, skriv Medier 24. Det stadfestar Harald Jacobsen, konserndirektør i Schibsted og styreleiar i Schibsted Trykk AS.
– Styret i Schibsted Trykk har innstilt på dette. Den endelege avgjerda vil bli teke på styremøtet i Schibsted Norge AS 28. juni, seier Jacobsen.
Vedtaket kjem berre eit drygt år etter at trykkjeriet i Kristiansand blei lagt ned, og i fjor la Schibsted òg ned eitt av trykkjeria i Bergen.
Om nedlegginga blir ein realitet vil venteleg nokre av dei tilsette bli tilbode jobb ved eitt av konsernets andre trykkjeri, skriv Medier 24.
Nedlegging vil òg få konsekvensar for trykkjetida for ei rekkje aviser, ikkje minst Stavanger Aftenblad. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.