Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Tysklands statsminister Olaf Scholz seier han vil snakke med Vladimir Putin igjen når tida er inne. Den russiske presidenten seier han er klar.
Publisert: 26.05.2023 kl 07:26
Sist oppdatert: 26.05.2023 kl 14:00
– Den siste telefonsamtalen min var for ei stund sidan. Men eg planlegg å snakke med Putin når tida er inne, seier Scholz i eit intervju med avisa Kölner Stadt-Anzeiger.
Putins talsmann Dmitrij Peskov seier den russiske presidenten når som helst er villig til å diskutere Ukraina med Scholz.
– Det er nødvendig å snakke saman. President Putin er open for dialog, men det grunnleggjande målet er sjølvsagt å verne interessene til innbyggjarane våre, seier han.
Sist dei to leiarane snakka saman var i desember, då dei hadde ein telefonsamtale. Scholz bad då Putin om å trekkje russiske styrkar ut av Ukraina, medan Putin skulda Vesten for å føre ein destruktiv politikk.
Sidan har det rådet ein isfront mellom dei to land, særleg etter at Scholz i januar opna for å sende tyske stridsvogner til Ukraina.
(©NPK)
Tysklands statsminister Olaf Scholz seier at han vil snakke med Vladimir Putin igjen når tida er inne. Foto: AP / NTB