Annonse

Sejersted tok NM-gull i super G: – Ikkje forventa

(NPK-NTB): Adrian Smiseth Sejersted var 25 hundredelar raskare enn Aleksander Aamodt Kilde og sikra seg med det NM-tittelen i super G.

Kilde vann torsdag utforrennet knapt framfor Stian Saugestad, men fredag måtte han sjå seg slått av Sejersted som var raskast av alle i super G-rennet.

Sejersted tok bronse i utforrennet torsdag. Saugestad blei nummer tre fredag, og dermed bytte dei tre berre litt om på plassane.

Kilde var storfavoritt til å vinne rennet fredag etter at han nyleg vann super G-verdscupen samanlagt.

– Det er greitt at Adrian vinn NM-gull etter at eg vann verdscupen samanlagt. Dei europacupgutane har verkeleg køyrt bra i vinter, og det ikkje berre å gå seg inn til NM-gull. Adrian viser i dag kor god fartskøyrar han er, sa Kilde.

Sejersted syntest det var ekstra stas å slå den beste super G-køyraren i verda.

– Eg hadde absolutt ikkje forventa dette. Aleksander har verkeleg køyrt bra i vinter, men det er herleg å få til eit så bra renn, sa vinnaren. (©NPK)

Annonse