Klargjør siden...

Seks arresterte for terrortilknyting i Belgia

(NPK-NTB-AFP): Politiet i Belgia har arrestert seks personar som er mistenkte for å ha noko med eit avverja terrorangrep mot eit tog frå Amsterdam til Paris i fjor sommar å gjere.

Dei seks vart framstilte for varetektsfengsling i ein domstol måndag, opplyser den belgiske påtalemakta.

Politiet fann ikkje våpen eller eksplosiv i samband med arrestasjonane.

I august i fjor vart den 25 år gamle Ayoub El Khazzani overmanna i eit tog som var på veg frå Amsterdam til Paris, etter at han tok fram fleire skytevåpen og ein kniv. To personar vart skadde i angrepet.

Franske styresmakter seier gjerningsmannen hadde tilknyting til ekstremistisk islam. Sjølv hevda han å ha angripe medpassasjerane sine fordi han var svolten. (©NPK)

Annonse