Annonse

Seks av ti førarhundbrukarar har hatt problem med syklistar

Mange med førarhund har opplevd utrivelege episodar med syklar eller sparkesyklar, ifølgje ei undersøking. 43 prosent har vorte sneia av ein sparkesykkel.

– Undersøkinga viser at syklar og elsparkesyklar er eit stort problem for førarhundbrukarane våre, seier dagleg leiar Tommy Henriksen ved førarhundskulen til Norges Blindeforbund.

Han meiner det er urovekkjande at halvparten unngår å bevege seg i gitte område på grunn av frykt for syklistar. Éin av tre går ikkje ut delar av dagen, og meir enn éin av fire kvir seg for å gå ut på grunn av dette.

Undersøkinga vart gjennomført av Respons Analyse for Norges Blindeforbund i mars.

– Ein del førarhundar blir også prega og må i verste fall takast ut av teneste, seier Henriksen i ei pressemelding.

Problemet er størst i dei store byane.

Det er rundt 300 førarhundbrukarar i Noreg, og Blindeforbundet markerer førarhunddagen onsdag 24. april.

(©NPK)

Halvparten av førarhundbrukarane unngår å gå i visse område på grunn av frykt for syklistar. Foto: Kyrre Lien / NTB / NPK