Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Mange ulykker med fritidsbåtar skjer i alkoholpåverka tilstand. Ei ny undersøking viser at seks av ti spurde ikkje veit kva som promillegrensa er til sjøs.
npk@npk.no
Publisert: 25.07.2016 kl 13:41
I undersøkinga blei 1.000 nordmenn spurde om synet sitt på å bruka alkohol om bord i ein fritidsbåt. Heile 60 prosent av dei spurde visste ikkje kva promillegrensa til sjøs er. Delen var større hos kvinner (69 prosent) enn hos menn (51 prosent).
Medan promillegrensa på land er 0,2, er grensa til sjøs 0,8. I undersøkinga svarar 47 prosent at dei meiner promillegrensa bør vera den same til sjøs som på land.
Av dei spurde svarar 7 prosent at dei har køyrt fritidsbåt i alkoholpåverka tilstand. Hittil i år er ti personar omkomne etter ulykke med fritidsbåt. Statistikken frå Sjøfartsdirektoratet viser likevel ikkje kor mange av desse som hadde promille.
Det er YouGov som på vegner av Codan Forsikring har gjennomført undersøkinga. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.