Seks nye smittetilfelle i Bergen

Det er berre registrert seks nye tilfelle av stadfesta koronasmitte i Bergen det siste døgnet. Det er åtte færre enn søndag.

Bergen har no registrert 1.350 smittetilfelle totalt sidan 28. februar, opplyste byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i Bergen på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

– Med dei nye smittetala kan vi seie at vi er inne i ein nedgåande smittetrend når det gjeld talet på nye smitta dagleg, sa byrådsleiaren, som understreka at smitteutbrotet enno ikkje er slått heilt ned.

Eitt av dei nye smittetilfella det siste døgnet har ukjend smitteveg.

Valhammer varslar no at dei ekstraordinære tiltaka som er sette inn for å avgrense smittespreiinga, skal gjennomgåast saman med Folkehelseinstituttet, og at det vil bli lempa på nokre av dei.

(©NPK)

Byrådsleiar Roger Valhammer i Bergen kommune trur det verste er over når det gjeld koronautbrotet i Bergen dei siste to vekene. Foto: Marit Hommedal / NTB