Seks søkjarar vil bli jernbanedirektør

(NPK-NTB): Samferdselsdepartementet har fått seks søknader til den nyleg utlyste stillinga som direktør for Jernbanedirektoratet.

– Vi vil tilsetje ein person i stillinga dei nærmaste vekene, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Han påpeiker at det nye Jernbanedirektoratet vil vere ein viktig brikke i jernbanereforma.

Blant søkjarane er advokat Kanwal Suleman, prosjektleiar Leif Ringkjøb, Thorbjørn Gaarder Chief credit officer, og stabssjef ved Forsvarets Operative Hovudkvarter Håkon Tronstad. Noverande jernbanedirektør Elisabeth Enger er også blant søkjarane, opplyser Samferdselsdepartementet i ei pressemelding. (©NPK) (©NPK)

– Direktørtilsetjinga viser at vi er i rute, og vi ser fram til spennande samtaler med den nye direktøren om utfordringar og moglegheiter jernbaneforma gir, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Annonse