Annonse

Semje i bryggeri-forhandlingane

Det er semje i lønnsforhandlingane i bryggeri- og mineralvatnbransjen.

Det skriv NHO i ei pressemelding. Forhandlingane har vore mellom NHO Mat og Drikke på den eine sida og Norsk Nærings- og Nytemiddelarbeiderforbund (NNN) på den andre. NNN har om lag 29.000 medlemmer.

Partane er mellom anna samde om ein auke av minstelønnssatsen til 216,15 kroner, inklusive eit generelt tillegg til alle på 7 kroner.

Dei er også samde om justering av eitt års ansiennitetstillegg med 100 kroner per veke, og dessutan justering av fagarbeidartillegg med 1,50 kroner per time frå 14 kroner opp til 15,50 kroner.

(©NPK)