Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Norsk filmforbund og Virke vart onsdag formiddag samde i TV-dramaovereinskomsten – elleve timar på overtid.
Publisert: 09.10.2024 kl 11:55
– Vi er fornøgde med å endeleg ha vorte samde med Filmforbundet, og for at vi har landa ein tariffavtale for TV-drama, seier forhandlingsleiar for Virke, Trond Teisberg, i ei fråsegn onsdag formiddag.
Virke gjekk inn i meklinga med eit krav om at partane måtte bli samde om eit moderat lønnsoppgjer, tilpassa utfordringane i bransjen.
Hovudorganisasjonen Virke representerer produksjonsselskapa, medan Norsk filmforbund representerer alle arbeidarane innan norsk film- og TV-produksjon.
Totalt ville opptil 64 arbeidarar frå seks produksjonsselskap ha vorte tekne ut i streik frå dag éin dersom ikkje partane hadde vorte samde.
Filmforbundets hovudkrav omfatta tariffregulering av minstelønn for manusforfattarar, ein lønnsauke på 5,2 prosent i tråd med frontfagsoppgjeret og utviding av omfanget av overeinskomsten til å inkludere faste tilsette.
Semja inneber ein auke av minstelønnssatsane på 4,5 prosent, skriv Virke om utfallet.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.