Klargjør siden...

Semje i NRK-meklinga – storstreik avverja

(NPK-NTB): Det blir ingen storstreik i NRK. Partane er samde i lønnsoppgjeret.

Partane hadde frist til midnatt natt til torsdag, men først tolv og ein halv time på overtid kom meldinga om at partane var samde.

Norsk Journalistlag opplyser at dei har fått eit flatt tillegg til alle på 13.000 kroner, pengar til utjamning og gjennomslag for fleire sentrale krav. Ingen får mindre enn 2,1 prosent lønnsauke. Minstelønnssatsane blir auka med 20.000 kroner og det er sett av pengar til ein sentral pott til utjamning av lønnsforskjellar i NRK. Ulempetillegg skal aukast, og medarbeidarar skal få betalt for arbeid i sosiale medium på fritida.

– Vi er nøgde med at vi har fått ein sosial profil på oppgjeret, med ein justeringspott som monnar, seier forhandlingsleiar og leiar av NRKs journalistlag, Richard Aune.

Administrerande direktør Anne-Kari Bratten i arbeidsgjevarforeininga Spekter karakteriserer meklinga som utruleg krevjande.

– Til slutt fekk vi dei til å forstå at oppgjeret måtte vere innanfor rammene til frontfaget. Det sat langt inne, seier ho til NTB. (©NPK)

Annonse