Annonse

Semje mellom Fellesforbundet og ASVL om VTA-overeinskomsten

Etter berre tre og ein halv times forhandlingar, kom Fellesforbundet og ASVL til ei semje om VTA-overeinskomsten.

Avtalen gjeld såkalla «varig tilrettelagt arbeid» (VTA), eit tilbod til uføretrygda som har behov for tilpassa arbeidsoppgåver.

– Dette er eit resultat vi er veldig godt fornøgde med, seier forhandlingsleiar Hege Espe i Fellesforbundet.

Motparten ASVL (Arbeidsgivarforeininga for vekst- og attføringsbedriftene) organiserer rundt 200 stort sett offentleg eigde bedrifter over heile landet.

Partane vart samde om eit generelt kronetillegg til alle på to kroner per time. Minstelønna blir også auka med to kroner og femti øre og landar dermed på 30,50 øre per time.

I tillegg vart det semje om å innføre eit smusstillegg på 6 kroner per time.

VTA-overeinskomsten omfattar arbeidstakarar i vekst-bedrifter over heile landet. Arbeidstakarar omfatta av overeinskomsten får 100 prosent uføretrygd, i tillegg til lønna dei får frå arbeidsgivar.

(©NPK)