Annonse

Semje om lønnsoppgjer innan bank og forsikring

Lønnsoppgjeret i finanssektoren er i hamn med ei ramme på 5,2 prosent. Oppgjeret omfattar 22.000 tilsette.

Finansforbundet og Finans Norge vart samde om eit generelt tillegg på 2,65 prosent, minimum 15.000 kroner til kvar.

– Den totale lønnsramma vi vart samde om, er på 5,2 prosent. Dette er ei ramme som gir medlemmene våre reallønnsvekst, seier forbundsleiar Vigdis Mathisen i ei pressemelding frå Finansforbundet.

Ho seier det har vore viktig å sikre alle eit godt sentralt tillegg, samtidig som det skal vere rom for gode lokale oppgjer.

– Vi har medlemmer på alle lønnsnivå med ulik type kompetanse. Finansforbundet fekk gjennomslag for å utvide lønnsregulativet med seks trinn, noko som inneber at endå fleire finanstilsette blir omfatta av lønnskapittelet i tariffavtalen.

Dermed er det tid for lokale oppgjer i kvar enkelt bedrift.

Arbeidsgivarane tilfredse

Arbeidsgivarsida Finans Norge er fornøgd med å ha landa oppgjeret. Det omfattar rundt 22.000 tilsette, hovudsakleg innan bank og forsikring.

– Vi har strekt oss langt. Gitt TBU-prognosane for prisvekst, vil dette gi reallønnsauke for tilsette i finans, seier arbeidslivsdirektør Therese Høyer Grimstad i ei pressemelding.

TBU – Det tekniske berekningsutvalet – har anslått ein prisvekst på 4,1 prosent i år. Med ei ramme på 5,2 prosent, blir reallønnsveksten altså på 1,1 prosent.

Ville fjerne trinn

Finans Norge hadde ønske om å fjerne trinna i lønnsregulativet sentralt, men det gjekk altså ikkje.

– Dette lykkast vi ikkje med i år fordi det vart stilt vilkår frå Finansforbundet som vi ikkje kunne akseptere, seier Høyer Grimstad.

Medlemmene kan framleis avtale trinnlaust lønnssystem lokalt. Ordninga med overgangstillegg i finans held fram inntil slitarordninga i pensjonsforliket i folketrygda er på plass.

Arbeidsgivarsida Finans Norge er fornøgd med å ha landa lønnsoppgjeret. Det omfattar rundt 22.000 tilsette, hovudsakleg innan bank og forsikring. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB