Annonse

Sensasjonelt multefunn på Svalbard

For første gong er det dokumentert moltebær på Svalbard. Årsaka er den rekordvarme sommaren på øygruppa.

– Eg vart overraska, eg har aldri sett moltebær her før. Så då ei klyngje med bær kom til syne framfor meg, måtte eg nesten gni meg i auga, fortel Stein Tore Pedersen til Norsk Polarinstitutt.

Multefunnet skjedde i september. Pedersen var på reinsdyrjakt i Isfjorden, vel ein halvtimes båttur frå Longyearbyen. Han anslår at han såg mellom 20–30 bær. Dei var oransje og modne, og av høveleg storleik.

– Eg trur multebærene er eit direkte resultat av den uvanleg varme sommaren vi har hatt i år, seier Pedersen.

Sommaren på Svalbard var både tørr og usedvanleg varm. Juli vart den varmaste månaden som nokon gong er registrert på Svalbard. For første gong vart det målt over polarklima fleire stader, med middeltemperatur på 10 varmegrader eller meir.

For at multeplantene skal lykkast med å få frukt, bør det vere over 10 varmegrader og lite regn.

– Eg har aldri sett så mykje som eit moltekart på Svalbard, så modne bær er ganske sensasjonelt, seier vegetasjonsforskar Virve Ravolainen frå Norsk Polarinstitutt.

Multeplanten i seg sjølv er ikkje oppsiktsvekkjande på Svalbard. Heilt tilbake til tidleg 1900-talet, har planten vore dokumentert på øygruppa. Men aldri tidlegare er det lagt fram bevis for at det er frukt på planten.

(©NPK)

Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK