Klargjør siden...

Senterpartiet hevdar Høie braut lova med sjukehussal

(NPK-NTB): Helseminister Bent Høie (H) blir skulda av Senterpartiet for lovbrot i salet av Rjukan sjukehus.

– Det er veldig alvorleg når eit medlem av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité frå Stortingets talarstol påstår at eg har brote lova, seier helseminister Bent Høie (H) til Nationen.

Komitémedlem og stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) meiner statsråden kan ha brote helseføretakslova i samband med at Sjukehuset Telemark i fjor vedtok å selje Rjukan sjukehus. Paragraf 32 slår fast at Stortinget må inkluderast når «sjukehusverksemd» skal seljast ut av føretaka.

– Senterpartiet tar feil. Paragraf 32 omhandlar sjukehusverksemd, altså heile verksemda ved eit sjukehus. Eg kan for eksempel ikkje selje Sjukehuset Telemark si verksemd til Aleris og privatisere den offentlege spesialhelsetenesta. Med sjukehusverksemd slik det er meint i lova, så handlar det om verksemda og ikkje sjølve bygget, seier helseministeren.

Professor Jan Fridtjof Bernt i juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen meiner opposisjonen på Stortinget har ei god sak.

– Ut frå opplysningane eg har fått oppgitt, meiner eg lovforståinga til statsråden er svært problematisk. Det framgår klart at avgjerda tar sikte på alle sal av sjukehus i fungerande stand til andre enn helseføretak, seier Bernt. (©NPK)

Annonse