MDG om Senterpartiets rusvedtak: – Eit gufs frå fortida
Senterpartiet vil reversere delar av Riksadvokatens oppmjuking av narkotikapolitikken. Kunnskapslaust, meiner MDG.
– Senterpartiet ønskjer å ta norsk ruspolitikk til ei tid vi ikkje vil tilbake til. Dei vil gi politiet lov til å gjere seg skuldig i overgrep mot unge og sårbare menneske, sjølv om slike metodar er uforholdsmessige i forhold til dei lovbrota som skal nedkjempast, seier MDGs partileiar Arild Hermstad til NTB.
Han reagerer på resolusjonen som vart vedteken på Senterpartiets landsmøte fredag. Der blir det slått fast at bruk, innehav og kjøp av narkotika skal vere straffbart.
– Skapte uvisse
Resolusjonen er delvis eit svar på oppmjukinga Riksadvokaten gjorde i fjor. Der heiter det at rusavhengige som blir tekne med narkotika til eige bruk, skal sleppe straffeforfølging.
I tillegg har Riksadvokaten teke opp praksisen til politiet med ransaking og kroppsvisitasjonar i mindre narkotikasaker.
Senterpartiet viser til politifolk som rapporterer om større aksept for ulovlege rusmiddel enn før, og at talet på unge som har prøvd kokain, har dobla seg frå 2020 til 2022.
− Riksadvokatens brev skapte stor uvisse og er nok ei av årsakene til denne negative utviklinga, seier Else Marie Rødby, justispolitisk talsperson for Senterpartiet.
MDG: – Mangel på empati
Senterpartiet har no vedteke at bruk, innehav og kjøp av narkotika framleis skal vere straffbart. I tillegg vil partiet at politiet blir sikra lovheimel til å avdekkje bruk, innehaving og sal av narkotika.
I resolusjonen blir det samtidig understreka at dei som er rusavhengige, skal møtast med helsehjelp.
MDG meiner vedtaket er basert på kunnskapsløyse og mangel på empati overfor menneske i sårbare livssituasjonar.
– MDG ønskjer å invitere alle gode krefter i politikken til å samle seg mot dette slik at straffelinja ikkje blir gjennomført i praksis, og slik at vi kan sikre ein verdig ruspolitikk i Noreg som tek folks rettar på alvor, seier Hermstad.
– Vi veit at straff skadar og kan øydeleggje liv, påpeikar han.
– Må slå ned
Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp), som deltek på landsmøtet, meiner det er viktig å slå fast at all bruk og innehaving av narkotika i utgangspunktet er kriminelt.
– Narkotika er eit samfunnsproblem som vi må slå ned på, seier ho til NTB.
– Nyleg var eg på møte i Schengen-rådet, der alle Schengens medlemsland møttest. Vi fekk då ei oppdatering om status. Det er ein all-time high på import av enkelte narkotiske stoff til dei store hava i Europa. Dette er jo kriminalitet som kan finansiere annan type illegal verksemd, seier ho.
Rusreform i 2024
Regjeringa er no i gang med å forme ut ei ny rusreform. Den skal vere klar på nyåret 2024, opplyser Mehl.
– Kjem du til å be Riksadvokaten om å endre instruksen om påtaleunnlating for bruk og innehav til eigen bruk?
– Det er ikkje aktuelt akkurat no. Påtalemakta er uavhengig og ikkje noko eg kan leggje meg opp i. Men eg synest det er bra at vi har ein debatt om rusbruk i samfunnet, om korleis vi skal møte dei som treng hjelp. Det er det stort behov for å gjere forbetringar på.
(©NPK)
MDG-leiar Arild Hermstad meiner Senterpartiets nye ruspolitikk er eit gufs frå fortida. Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Leiar for Senterungdommen Andrine Hanssen-Seppola er svært nøgd med at Senterpartiet har følgt oppfordringa om å stramme inn narkotikapolitikken. Foto: Joakim Halvorsen / NTB
Foto: Joakim Halvorsen / NTB
Senterparti-leiinga på første rad under landsmøtet fredag. F.v.: Generalsekretær Knut Magnus Olsen, partiets nestleiarar Anne Beathe Tvinnereim og Ola Borten Moe, partileiar Trygve Slagsvold Vedum under Senterpartiets landsmøte i Trondheim fredag.
Foto: Joakim Halvorsen / NTB
Eit nær samstemt Senterparti-landsmøte har vedtatt å skjerpe partiets ruspolitikk. Foto: Joakim Halvorsen / NTB