Annonse

Serbarar med fleire vegsperringar i Kosvo

Det serbiske militæret er i sat i høgaste beredskap på grunn av den anstrengde situasjonen i Kosovo. Imedan har kosovo-serbarar sett opp fleire vegsperringar.

Vegane vart tysdag sperra stikk i strid med internasjonale oppmodingar om å fjerne hinder som er sett opp tidlegare.

Dei siste sperringane består av lastebilar som står på tvers av fleire vegar i Mitrovica – ein by som er splitta i ein kosovoalbansk og serbisk del.

Det er første gong sidan den siste krisa byrja, at serbiske innbyggjarar blokkerer vegar i ein av dei viktigaste byane til området. Fram til no har sperringane vore sett opp på vegar som leier til grensa mellom Kosovo og Serbia.

– Høgna beredskap

Tiltaket blir gjennomført dagen etter at Serbias president Aleksandar Vucic gav hæren ordre om å vere i høgaste kampberedskap, det vil seie nivået for bruk av våpenmakt.

Ifølgje Serbias forsvarsminister Mílos Vucevic har Vucic også gitt ordre om at spesialstyrkane i landet skal utvidast til å omfatte 5.000 soldatar, mot 1.500 i dag.

Ordrane vart gitt etter at Serbias forsvarssjef Milan Mojsilovic reiste til grensa til Kosovo søndag.

– Situasjonen er komplisert og kompleks, sa Mojsilovic.

Avviser autoritet

Kosovo erklærte seg om uavhengig i 2008, men Serbia har ikkje vilja anerkjenne den tidlegare serbiske provinsen som eit eige land. Dei 120.000 serbarane som bur i Kosovo, har dessutan vorte oppmoda til å avvise autoriteten til Kosovos regjering.

Den serbiske hæren har dei siste åra vorte sette i høg beredskap fleire gonger, sist gong i november etter påstandar om at Kosovo hadde sendt fleire dronar inn i serbisk luftrom.

Den 10. desember sette serbarar i Nord-Kosovo opp sperringar i protest mot arrestasjonen av ein tidlegare politimann som er mistenkt for angrep på politifolk med albansk etnisitet.

Samtidig har det vorte meldt om fleire skyteepisodar, den siste skjedde 1. juledag, ifølgje KFOR, som er Natos fredsbevarande styrke i Kosovo.

(©NPK)

Lastebilar står på tvers i ei gate i den delte byen Mitrovica. Foto: Bojan Slavkovic / AP / NTB

Det serbiske forsvarsdepartementet har offentleggjort dette biletet frå ei serbisk stilling ved grensa til Kosovo. Foto: Det serbiske forsvarsdepartementet / AP / NTB

Serbias president Aleksandar Vucic har sett hæren i høgaste beredskap. Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

Annonse