Serena Williams vil leggje opp etter US Open: – Eg er i utvikling

Den amerikanske tennisstjerna Serena Williams vil spele si siste tennisturnering i US Open. Etter det aktar ho å leggje opp, seier ho til bladet Vogue.

– Eg har vore tilbakehalden med å innrømme at eg skal slutte å spele tennis, det er litt tabu. Når det kjem opp, byrjar eg å gråte, seier ho i eit langt intervju med Vogue.

Ho seier ho ikkje liker ordet «legge opp»:

– Det kjennest umoderne. Eg har tenkt på dette som ein overgang … Kanskje det beste ordet for å beskrive kva som no skal skje, er «utvikling». Eg utviklar meg bort frå tennis og til andre ting som er viktige for meg, fortel ho til Vogue.

Williams er medeigar i fleire kommersielle selskap, mellom anna innan mote og finans.

Måndag tok ho seg til andre runde i WTA-turneringa i Toronto etter å ha slått spanske Nuria Parrizas Diaz 6-3, 6-4.

I Wimbledon-turneringa i juni vart ho slått ut i første runde etter å ha vore borte med skade det siste året.

US Open i Flushing Meadows i New York blir spelt frå 29. august til 11. september.

Williams, som fyller 41 år i september, har vunne heile 23 Grand Slam-titlar i karrieren, men har ikkje vunne noko sidan ho vann Australian Open i 2017. Mamma-rolla har teke mykje av tida etter comebacket.

(©NPK)

Serena Williams seier via instagramkontoen sin at ho vil leggje opp etter US Open i september. Foto: Christopher Katsarov/The Canadian Press via AP / NTB

Annonse