Sesongen truleg over for «Pølsa»
(NPK-NTB): Sesongen kan vere over for langrennsløpar Øystein «Pølsa» Pettersen, som har fått eit nytt tilbakefall av sjukdommen han har slite med sidan oktober.
– Årsaka til at eg har hamna i denne situasjonen er at belastninga på hausten vart for stor. Viss eg skal vere skuffa over noko, må det vere at eg ikkje fanga det opp tidlegare, seier han til NRK.
Han har fått påvist at han er ramma av rabdomyolyse, som øydelegg muskelceller. Førre veke sa Pettersen til Aftenposten at han endeleg kunne friskmelde seg, men i Hafjell Skimaraton i helga fekk han ein ny smell.
– Etter tre kvarter var det stopp. Han hadde ikkje meir å gi, seier lagleiar Henrik Henningsen Kvissel i Team United Bakeries.
Pettersen har ikkje fått trene som han ønskjer, og det likar han dårleg.
– Det verste er å kvile. Eg hatar å kvile. Det einaste som er verre er å gå skirenn utan ein kropp som fungerer, seier den tidlegare OL-meisteren til NRK.
Han medgir at Vasaloppet, som har vore sesongens store mål, truleg ryk.
– Det vil overraske meg om eg blir klar til start der, seier han. (©NPK)