Klargjør siden...

Sevilla ville kjøpe stortalentet Schjelderup i sommar

Andreas Schjelderup (18) stadfestar at det var aktuelt med overgang til storlaget Sevilla i sommar. – Dritkult med interesse, seier ungguten til Nettavisen.

Den danske avisa B.T melde i september at Sevilla prøvde seg på den svært ettertrakta Nordsjælland-spelaren som har teke dansk fotball med storm.

– Det er ei stadfesting på at eg som 16-åring tok det rette valet med å dra ut. Det er dritkult med interesse frå ein så stor klubb. Det vart ikkje Sevilla denne gongen, men du veit jo aldri kva som kan skje og kvar eg kan ende opp. Uansett er det sjukt kult at ein så stor klubb som har vunne mykje og speler i Europa kvart år, har interesse for deg, seier Schjelderup til Nettavisen.

Måndag skåra han to mål mot Randers og er akkurat no toppskårar i dansk superliga med sju mål.

Schjelderup har ei fortid i Bodø/Glimt. Han vart henta til Nordsjælland i juli 2020. Debuten for førstelaget til den danske klubben fekk han i 0-2-tapet for OB i februar 2021. Då var han 16 år og 248 dagar.

(©NPK)

Norske Andreas Schjelderup er eit heitt namn i dansk fotball for tida.
Foto: Claus Fisker / Ritzau Scanpix / NTB

Annonse