Annonse

Shell-overskot bidrog til børsrekord i London

FTSE 100-indeksen på London-børsen sette ny rekord på godt og vel 7.906 poeng fredag. Det kjem mellom anna av energiselskapet Shells rekordoverskot dagen før.

Eit svekt pund bidrog også til at indeksen var oppe i 7.906,58 poeng på ettermiddagen. Det er litt over tre poeng høgare enn den førre intradagreiekorden. Den var på 7.903,50 poeng og vart registrert 22. mai 2018.

Dei siste vekene har det vore optimisme i finansmarknadene om at inflasjonen er på veg ned i viktige økonomiar og at rentehevingane frå sentralbankane vil bremse opp. Då den britiske sentralbanken sette opp styringsrenta for tiande gong på rad torsdag, antyda ho at rentenivået er nær toppen.

(©NPK)

Børsen i Londons finansdistrikt City sette ny rekord i ettermiddagshandelen fredag. Illustrasjonsfoto: Nina Eirin Rangøy / NTB