Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): For to år sidan vart sherpaer frå Nepal ferdige med steintrappa på Hallingskarvet. Etter det har talet på besøkjande auka, og i år ligg det an til rekord.
npk@npk.no
Publisert: 05.08.2016 kl 07:23
På fem veker har 18.000 menneske tatt seg opp på det karakteristiske Hallingskarvet, som er det høgste fjellet i Buskerud, melder NRK.
– Alle vil til Hallingskarvet for å gå denne stien. Det er lettvint, og du kjem inn til Prestholtseter, som ligg 250 meter frå nasjonalparkgrensa. Det er trygt for alle, både eldre og yngre, seier Petter Braaten i Statens naturoppsyn om trappa sherpaene bygde.
– Den var ei god investering. Den sparer terrenget for slitasje, noko som er viktig for å bevare nasjonalparken. Men den er også viktig for den lokale verdiskapinga, turistmaskina og Hol kommune, forklarar Braaten.
På Prestholtseter gir den auka trafikken utslag på salet. På ein god dag går det med 50 liter vaffelrøre og 35– 40 liter rømmegraut, fortel Ola Uthus, som ligg an til å sette salsrekord. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.