Signal frå svart boks frå EgyptAir-vraket oppdaga

(NPK-NTB-AFP-AP): Franske etterforskarar bekreftar at det har fanga opp signal frå ein av dei såkalla svarte boksane frå det styrta EgyptAir-flyet.

Det franske nyheitsbyrået AFP melde først onsdag ettermiddag at ein av boksane var funnen, men presiserte seinare at det er signal frå denne som er fanga opp.

Boksane, som inneheld ferdskrivar og taleregistrator, kan gi svar på kva årsaka til styrten var.

EgyptAir-flyet styrta i Middelhavet med 66 menneske om bord 19. mai på veg frå Paris til Kairo.

Etterforskarar har jobba iherdig for å finne dei svarte boksane, som berre har nok batteri til å sende frå seg signal i fire eller fem veker til.

Eit spesialskip frå eit privat selskap som er hyrt inn for å berge boksane, var onsdag på veg til området. Skipet har undervassrobotar om bord som kan dykke ned til vraket og hente opp delar. Det skal vere på plass på staden om ei veke.

Havet er mellom 2.400 og 3.000 meter djupt i søkjeområdet. Franske luftfartsmyndigheiter har tidlegare sagt at flyet sende ut automatiske signal etter at det vart oppdaga røyk i kabinen og ein feil i ei kontrolleining nokre minutt før flyet forsvann frå radaren. (©NPK)

Annonse