Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Oddbjørn Sindland gir seg som trenar for Lyns kvinnelag i fotball. Han vel å sjå seg om etter nye utfordringar.
Publisert: 01.12.2023 kl 18:50
– Takk til alle i Lyn for fire flotte år. Etter eige ønske vel eg no ikkje å halde fram som hovudtrenar i Lyn. Eg set stor pris på å ha vore ein del av ein klubb med så mange fine folk og er stolt over jobben vi har lagt ned, seier han til nettstaden til klubben.
Sindland kom til Lyn i 2020 som assistenttrenar. Dei to følgjande åra var han også toppspelarutviklar i klubben. Før sesongen i år tok han steget opp som hovudtrenar. Det enda med 6.-plass i Toppserien og semifinaleplass i cupen.
– Vi takkar Oddbjørn for fire minneverdige år og ønskjer han lykke til vidare, seier sportssjef Rohail Awan, som legg til at jobben med å finne Singlands etterfølgjar er i gang.
(©NPK)
Oddbjørn Sindland gir seg som Lyn-trenar for å søkje nye utfordringar. Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.